GIR FULL POTT: Her er riksantikvar Jørn Holme under utdelinga av vegdirektørens pris for Vakre vegars 2014 som gjekk til Kongevegen over Filefjell. Her syner han fram ei alen, som ikkje berre stammar Henrik Wergelands dikt, men er eit målereiskap brukt under oppføringa i tillegg til restaureringa av Kongevegen over Filefjell. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen 
GIR FULL POTT: Her er riksantikvar Jørn Holme under utdelinga av vegdirektørens pris for Vakre vegars 2014 som gjekk til Kongevegen over Filefjell. Her syner han fram ei alen, som ikkje berre stammar Henrik Wergelands dikt, men er eit målereiskap brukt under oppføringa i tillegg til restaureringa av Kongevegen over Filefjell. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen 

Best på å ta vare på kulturminne

Lærdal og åtte andre kommunar har fått full pott for bevaring av kulturarven av riksantikvar Jørn Holme. 

– Eg vil gratulere dei som har nådd heilt til topps. Kommunane har ei viktig rolle i å ta vare på kulturarven, og det er særs positivt at fleire kommunar no rapporterer om godt arbeid, seier Holme i ei pressemelding. 

Dei ni kommunane, som alle har fått full pott med ni poeng, er Lærdal, Trondheim, Hå, Giske, Nedre Eiker, Sandnes, Skånland, Sveio og Sørum. 

Motiverer kommunar til å bli betre

Ved hjelp av data kommunane har rapportert  på kulturminnespørsmål til  KOSTRA, har riksantikvaren rangert kommunane i Noreg. Denne oversikta syner at mange av dei har vore flinkare til å rapportere samanlikna med i fjor. Eit av måla med rangeringa er nettopp å motivere kommunane skal ta eit større ansvar for forvalting av kulturminna i kommunen.

Les også: Nominert til EUs kulturminnepris

Andre gong

Det er i år andre gong Riksantikvaren rangerer kommunanes forvaltning av kulturminne, der det også er langt fleire som har svart på kulturminnespørsmål til KOSTRA for 2014. I fjor hadde kring 35 prosent av alle kommunane null poeng, mange av desse hadde ikkje hadde rapportert inn data. I år har det vore ein klar forbetring der kring 23 prosent av kommunane fekk null poeng. Det er også kommunar som skårar høgt samanlikna med i fjor. 

Heile rangeringa finn du her. 

Full pott

Kriteria for rangeringa er om kommunen har løyvd pengar til kulturminne/kulturmiljø, om kommunen har knytt til seg eigen kulturminnefagleg kompetanse, om kommunen har utarbeidd ein oversikt over verneverdige kulturminne, om desse er forankra i bindande planar i kommuneplan og om det er ei auke i talet på dekar som er regulert til vern av kulturmiljø eller kulturminne per 31. desember. Her får som sagt Lærdal full utteljing med ni poeng. 

Les også: Synneva Eri hus vert attreist

 

Til toppen