VEKS: Musea i Sogn og Fjordane har veksande besøkstal, no lanserer dei felles museumspass for å veksa enno meir. Her frå slåttedag på De Heibergske Samlinger på Kaupanger.
VEKS: Musea i Sogn og Fjordane har veksande besøkstal, no lanserer dei felles museumspass for å veksa enno meir. Her frå slåttedag på De Heibergske Samlinger på Kaupanger. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Beste besøk på fem år for Musea i Sogn og Fjordane – lanserer felles pass for å veksa enno meir

Ei ny ordning skal gje fri inngang i til alle musea i Sogn og Fjordane èin gang i løpet av eit kalenderår. Lanseringa skjer samstundes som musea melder om rekordhøge publikumstal.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane hadde 66.830 gjester i 2017, ein auke på 3016 besøkande, eller opp fem prosent frå året før. Det opplyser stiftinga i ei pressemelding.

– Me har ikkje hatt så gode besøkstal sidan før 2012, noko som me er godt nøgde med. Når me i tillegg har aukande grad av nøgde besøkande, er dette særs gledeleg, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Ein del av auken forklarer han med elevbesøk gjennom Den kulturelle skulesekken, ei nasjonal ordning som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får oppleva profesjonell kunst og kultur.

De Heibergske Samlinger på Kaupanger er ikkje blant musea som bidreg størst til veksten. Dei hadde ein god sesong i 2016, og tangerer om lag tala i 2017. Opp ein prosent er fasiten.

For at musea skal veksa enno meir vert det for sesongen 2018 lansert ei nyvinning.

– Ved å kjøpa Museumspasset vil du få fri inngang til alle musea våre ein gong i kalenderåret. 2018-sesongen er eit prøveår for dette produktet, og me er spente på mottakinga, står det i pressemeldinga.

Til toppen