«Beste dagen i mitt liv»

Borna frå Ve barnehage i Øvre Årdal fekk eit tett møte med dyra på Nybø Gard i Lærdal då dei var på besøk. 

Lærdal: Fire- og femåringane frå Ve barnehage hadde det mange av dei beskreiv som den «beste dagen i livet»​ då dei besøkte Nybø Gard på Ljøsne. 

Sjå biletgalleri frå gardsbesøket øverst i saka!

– Det er kjempe spennande å koma hit og ei heilt unik oppleving for borna, seier Unni Helene Fredheim, pedagogisk leiar i Ve barnehage. 

Glad i dyr

RI: Borna fekk prøve å ri på esel.
RI: Borna fekk prøve å ri på esel.

Tilsaman var 19 fire- og femåringar frå Ve barnehage på besøk på Nybø Gard i Lærdal denne tysdagen i mai. 

– Me er ikkje akkurat bortkjemde med bondegardar inne i Årdal, så det var kjempe kjekt å få ei slik oppleving. Borna har ikkje vore med på noko liknande i regi av barnehagen før, seier Fredheim. 

Det var nokre av foreldrene til borna som hadde høyrd om garden og som lurde på om det var mogleg for barnehagen å besøkja dyra på garden. 

– Borna får oppleva noko som dei ikkje ser til vanleg. Intensjonen er å syna omsorg og bli glad i dyra, seier Fredheim. 

Ho håpar dette kan bli til ein fast tradisjon for Ve barnehage å få komma på besøk. 

Startar opp som besøksgard 

MAT: Borna fekk også mate kanina på garden.
MAT: Borna fekk også mate kanina på garden.

Etter sommaren skal Nybø Gard starte opp som besøksgard der grupper med born kan komme innom etter skuletid for å helse på dyra. Tilsaman er det 16 forskjellige dyreartar på garden. 

– Det har vore ein travel periode no, men lembinga er snart over, så då reknar eg med at me får litt meir tid til å ta imot besøk. Desse borna var vertfall utruleg roleg. Det er heilt beundringsverdig, seier Gro Agnete Nybø, som driv garden. 

Lama, sau, geit, hest, esel, katt, hund og høglandsfe er berre nokre av dei forskjellige dyra som bur på garden. Tilsaman bur det over 200 dyr på garden. 

– Det er ikkje heilt vanleg med høglandsfe, men me brukar dei til å rydda skog og beite. Lama er meir for kos og stas, i tillegg til at me går tur med dei, seier Nybø. 

Stor interesse

Tysdag fekk Gro Agnete hjelp av den nyutdanna agronomen Stine Lysne Hegranes som nyleg var ferdig på Sogn Jord- og Hagebruksskule. 

– Stine har hesten sin Maya her å garden og har hjelpt litt til i det siste. Ho er utruleg flink med borna, så eg håpar ho kan vere med når me startar opp med grupper etter skuleferien, seier Nybø. 

Interesse for å komma å sjå på dyra har vore svært stor den siste tida. Tidlegare har barnehagar frå Lærdal vore på besøk på garden. 

– Det er mange born som ikkje har kontakt med dyr i sitt daglege liv. Derfor syns dei at det er ekstra spennande å få komme på besøk, seier Nybø. 

Dyra skal vera ute

MANGE: Katter, duer og ender er berre nokre av dyra på Nybø Gard.
MANGE: Katter, duer og ender er berre nokre av dyra på Nybø Gard.

Gro Agnete tok over garden i 2005. På den tida var det berre sauer og ein hest. 

– Det har balla ein del på seg dei siste åra og får meg er det ein heiltidsjobb akkurat no. Alle dyra skal ha stell, mat og nokre av dei må ein gå på tur med. Men slik er det når ein er glad i dyr, seier Nybø.

Blant dyra på garden er grisen Emma som er 17 år. Før ho kom til Nybø Gard, levde ho i ein leilegheit i Oslo i 10 år. Då eigarane ikkje lenger kunne ta vare på ho, vart ho henta av Gro Agnete i Oslo og flytta inn på garden. 

– Det er viktig at dyra har god plass og tilgang på store område til å bevega seg på. Dei skal ikkje stå i ein liten boks. Om vinteren luftar eg til dømes sauene ute heile tida og dei byttar på å stå i fjøsen. Dei gammalnorske fjellsauene er robuste dyr som er ute heile året. Desse har blitt meir og meir populære dei siste åra og no er det vell tre i Lærdal som driv med det, seier Nybø. 

Meir informasjon om garden finn du på nettsidene til Nybø Gard

Til toppen