NØGDE: Jotun/ÅTIL er særs nøgd etter laurdagens kamp mot Florø. Dette er den beste kampen hittil i sesongen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
NØGDE: Jotun/ÅTIL er særs nøgd etter laurdagens kamp mot Florø. Dette er den beste kampen hittil i sesongen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Beste kampen hittil, uten tvil

Jotun/ÅTIL gjorde sin beste kamp hittil, men det heldt ikkje heilt. 

Jotun/ÅTIL - Florø: 20-23

Heimelaget haldt godt i gjennom heile kampen, sjølv om gjestene frå Florø tok leiinga frå byrjinga. Stemninga var intens allereie frå då dommaren blåste i gong kampen.

– Eg er veldig fornøgd med kampen i dag. Eg syns det var ein bra kamp, seier ei tydeleg glad Karianne Molland Sanden etter kampen. 

Ho påpeikar at resultatet kunne vore betre, men at dette er, uten tvil, deira beste kamp hittil. Årsaken til oppsvingen forklarar ho med at dei har hatt gode treningar i det siste. Målet deira for denne kampen var å få 20 mål, noko dei også greidde.

Sjølvsikre

Fyrste ordentlege målsjanse gjekk til Jotun/ÅTIL tre minuttar ut i kampen, men diverre vart det bom. Det tok ikkje meir enn sju minuttar før heimelaget gjer det dei ikkje fekk til med førre målsjanse; Karianne Molland Sanden heiv ballen sjølvsikkert i mål. Florø haldt leiinga til kampens slutt, men i denne kampen synte Jotun/ÅTIL fram alt det dei er gode for.

Jotun/ÅTIL arbeidde intenst for å minska Florø sine mogelegheiter for å kome for nær mål, noko dei lukkast med i mange av tilfella. Det var merkbart at årdalsspelarane i denne kampen var tøffare, og dei gjekk meir i motstandarane enn i tidlegare kampar.

Keeper Ann Iren Hunderi vokta målet godt og gjorde ein særs bra jobb, der ho redda eit utal potensielle mål frå gjestene, inkludert to straffe.

– Begredelig

Porten.no tok også ein prat med Lene Kvam Høsøien om kva ho syns om kampen. 

OPPGITT: Den spelande trenaren Lene Kvam Høsøien, tidlegare Jotun-spelar, meiner at laget hennar kunne prestert mykje betre enn det dei gjorde.
OPPGITT: Den spelande trenaren Lene Kvam Høsøien, tidlegare Jotun-spelar, meiner at laget hennar kunne prestert mykje betre enn det dei gjorde.

– Frå mitt lag var dette her begredelig! Dette var dårleg, humrar ho. 

Korleis var det å spele mot dei grøne draktene?

– Det var faktisk ved eit par anledningar at eg måtte tenke meg om kva banehalvdel eg skulle springe heim til, ler den tidlegare Jotun-spelaren. 

 

Til toppen