I PLUSS: For første gong sidan 2011 tener elektrolysen på verket i Årdal pengar. Det gir eit overskot på 72 millionar kroner så lanbgt i år. Foto: Hydro Aluminium.
I PLUSS: For første gong sidan 2011 tener elektrolysen på verket i Årdal pengar. Det gir eit overskot på 72 millionar kroner så lanbgt i år. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Arkiv)

Beste kvartalsresultat sidan finanskrisa for Hydro

For første gong sidan 2011 tener elektrolysen pengar. Det er fabrikksjef Egil Fredriksen naturlegvis godt nøgd med.

I ei pressemelding skriv bedrifta at før renter og skatt har alumimiumsverket i Årdal eit overskot på 86 millionar kroner. Det er 72 millionar kroner betre enn i same kvartal i fjor.

– Det var positivt. Dette er første gongen sidan 2011 at elektrolysen har tent pengar og det beste kvartalsresultatet sidan finanskrisa, så det synes me er bra, seier han til Porten.no.

– Før 3. kvartal var me på null, så det er jo 86 millionar kroner på eitt kvartal, og ser ein bakover til 2008, må me seia oss nøgde. 

NØGD: Fabrikksjef Egil Fredriksen er naturlegvis nøgd med kvartalsresultatet.
NØGD: Fabrikksjef Egil Fredriksen er naturlegvis nøgd med kvartalsresultatet.

Sjølvtillit

Dette gir eit overskot på 86 millionar så langt i år, noko som er 89 millionar kroner betre enn på same tid i fjor.

– Det er elektrolysen som er lokomotivet på verket, og me har vore heilt avhengige av karbon og støyperiet for å halde hovudet over vatnet. Dette har mykje å seia for sjølvtilliten og dei som jobbar i elektrolysen.

Produksjonen av både primæraluminium, anodeprodukt og ferdigprodukt har gått litt ned sidan i fjor, og Fredriksen forklarar det slik.

– I elektrolysen er me inne i ein omformingsperiode, der mange ovnar er ute av drift i forhold til tidlegare. I støyperiet går volumet ned fordi me går inn i bilindustrien og lagar eit meir komplisert produkt. Støyperiet tener meir pengar enn det nokon gong har gjort, seier han.

God pris

Og det er først og fremst ein langt betre pris som gjer at det går så bra. I fjor varierte alumiumsprisen mellom 1,817 og 1,999 dollar per tonn. I år er prisen oppe i 6,17.

– Det er jo det som er den største effekten av at elektrolysen tener pengar. Det ein ser er at det vert konsumert meir aluminium enn det vert produsert. 

– Sjølv om det er mange fulle lager endå, er det positivt fordi det gjer at prisane vil gå oppover.

– Tryggar framtidige investeringar

Dette er noko innbyggjarane i Årdal bør sjå positivt på, meiner han.

– Dette er jo med på å sikra framtida og arbeidsplassar. Dei fleste har nok merka no at me tar inn folk når andre sluttar. Me har aldri tilsett så mange lærlingar på vedlikehald som i år, seier Fredriksen.

– Det er klart det er positivt. For karbon-fabrikken, som kanskje får ei mogleg modernisering, er dette med å trygga den investeringa i framtida.

Til toppen