VEKST: Hotellbransjen melder om skyhøge besøkstal denne sommaren. I juli var det sett tidenes rekord, med 3,1 millionar overnattingar. Foto: arkiv
VEKST: Hotellbransjen melder om skyhøge besøkstal denne sommaren. I juli var det sett tidenes rekord, med 3,1 millionar overnattingar. Foto: arkiv

Beste månad nokon gong for hotella

I juli registrerte norske hotell for første gang over 3,1 millioner overnattingar. 

Det er 8 prosent flere enn rekorden frå juli 2015, skriv NHO reiseliv i ei pressemelding.

Som i fjor aukar det både i talet nordmenn og utlendingar. I juli 2016 var det 1,2 millionar utanlandske overnattingar ved norske hotell. Det er 14 prosent fleire enn same månad i 2015. Talet norske hotellovernattinger gjekk opp 4 prosent til 1,9 millioner, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det er fantastisk gledeleg at ferierande nordmenn aukar samstundes med den kraftige veksten i utlendingar. Det stadfestar signal frå hotella om at òg fleire nordmenn vel å feriere i Norge, sier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.

Ho seier turistveksten er ekstra viktig i ei tid med fallande oljeinvesteringar.

– I tillegg gagnar ikke veksten berre reiselivsnæringa. Fleire turistar kjem òg andre bransjar til gode, mellom anna varehandelen, og bidreg til å trygge arbeidsplassar der, sier Krohn Devold.

Til toppen