GOD SESONG: Ikkje sidan 1996 har Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten hatt ein så god sesong som i år. Foto: Flickr/Bosc d'Anjou.
GOD SESONG: Ikkje sidan 1996 har Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten hatt ein så god sesong som i år. Foto: Flickr/Bosc d'Anjou. (Foto: Bosc d'Anjou / Arkiv)

Beste sesong på 20 år for museum

Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten har hatt sin beste sesong på 20 år, melder det i ei pressemelding.

Fjærland: Med ein auke på 11 500 gjestar og 72 500 gjestar totalt i 2016, så er dette den beste sesongen sidan 1996. Det er spesielt innanfor den asiatiske marknaden dei aukar.

Samstundes ser dei også fine tendensar i fleire europeiske segment. Bremuseet har hatt ein vekst på 37 prosent dei siste to åra. Det vil seie meir enn 20 000 fleire gjestar.

– Det fine er at me framleis får toppkarakterar både på gjestundersøkingar og Tripadvisor. Me trur at 13 språk i heile museet og sterk vekt på fornying og marknadsføring, kanskje har vore dei viktigste ingrediensane i den suksessen me no opplever, seier direktør John Brekke. 

Sesongen 2016 har vore ekstra spesiell sidan det er 25 år sidan opninga. I sommar var mellom anna Kronprins Haakon og Hennar Majestet Dronning Sonja på besøk.

Til toppen