På den siste målinga som InFact har gjort for avisa får Senterpartiet ei oppslutning på 10,2 prosent, ein framgang på 1,3 prosentpoeng frå førre måling. Sist gong partiet nådde same høgder var i februar i 1997, då oppslutninga låg på 11 prosent.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum trur at eit klart og tydeleg språk har bidratt til å gjere Senterpartiet til eit breiare folkeparti.
–Eg trur det er ein fordel for alle politikarar å snakke så folk forstår. Det er altfor mykje bruk av framandord som skaper avstand til politikarar. Ein del folk bruker framandord for å jåle seg til, og sånn vil ikkje eg vere, seier han.
Samtidig meiner han at folk er lei sentraliseringsreformene til regjeringa.
–Senterpartiet har vore tydelege på at vi vil ha levande bygder og byar, og det ser det ut som folk er einige i, seier Vedum.
Arbeidarpartiet fell dramatisk på målinga med 3,9 prosentpoeng og får ei oppslutning på 33 prosent. Takka vere Sp-framgangen får dei raudgrøne partia likevel fleirtal på målinga. SV får ei oppslutning på 4,8 prosent, ein framgang på 1,2 prosentpoeng.
Høgre går fram med 0,1 prosentpoeng og får ei oppslutning på 21 prosent, mens Framstegspartiet aukar med 1,2 prosentpoeng og endar på 13,2 prosent.
For dei andre partia er den prosentvise oppslutninga slik (endring frå førre måling i parentes): KrF: 5,4 (-0,1), Venstre: 4,4 (+1,3), MDG: 3,3 (+0,1), Raudt: 2,4 (+0,2), andre: 2,1 (-0,6).
(©NPK)