UEIGNA: Utforminga på desse grindene førte til at lam vart sitjande fast, og Mattilsynet har no stoppa utplasseringa av grindene - som skal vera eit ledd i kampen mot å spreia skrantesjuke samstundes som bøndene skal kunne plassera ut saltsteinar til sauene sine. Foto: Ole Ramshus Sælthun
UEIGNA: Utforminga på desse grindene førte til at lam vart sitjande fast, og Mattilsynet har no stoppa utplasseringa av grindene - som skal vera eit ledd i kampen mot å spreia skrantesjuke samstundes som bøndene skal kunne plassera ut saltsteinar til sauene sine. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Bilde: )

Bestilte grinder til kring 500 salteplassar – lam vart sitjande fast

For at bøndene skulle kunne ha saltsteinar på fjellbeite til sauene sine trass utbrot av skrantesjuka i Nordfjella, vart det bestilt inn kring 6 900 grinder for å verna saltsteinane mot vilt. No har Mattilsynet sendt ut stoppordre på utplassering av grindene.

Aurland/Lærdal: Grunnen til at utplasseringa av grindene skal opphøyra, er at det har vore tilfeller av at lam har vorte sitjande fast i grindene. 

– Me fekk inn ei konkret melding om dette med bilete klokka tolv måndag og sette stoppordre med ei gong. Me skal ikkje ha dårleg dyrevelferd for sau, seier CWD-koordinator i Mattilsynet Region Øst, Harald Øverby.

Bakgrunnen for at grindene vart bestilte inn var for at sauebøndene framleis skulle kunne plassera ut saltsteinar til sauene sine på fjellbeite i Nordfjella – trass utbrotet av skrantesjuke på villreinen i dette området.

Les også: Tar opp kampen mot skrantesjuken

Les også: Villrein og skrantesjuke

Fordi saltsteinar blir rekna som spesielt aktuelle for spreiing av skrantesjuke mellom individ av hjortevilt, vart det i fjor lagt ned forbod mot å leggja ut saltstein for vilt. 

– Dyr står tett på slike saltingsplassar og dei et jord viss dei ikkje et salt. Det kan vera urin, spytt og avføring i jorda som kan spreia smitten effektivt, forklarar Øverby.

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Kom fram til at grinder var best

No er det lagt ned generelt forbod mot saltstein gjennom ei soneforskrift, men på saltingsstader der ein plasserer ut grinder rundt kan bøndene likevel ha ut saltstein til sauene.

– Ei breitt samansett gruppe kom fram til at grinder skulle bestillast inn til dette føremålet. Ein kunne ikkje bestilla inn gjerder til stader der ein ikkje veit grunntilhøve – om det er stein eller jord – og kor ulendt det er, seier Øverby.

Gruppa bestod av representantar frå Norsk Institutt for Naturforsking, Veterinærinstituttet, Mattilsynet, Animalia og lokale beitelag.

LUKE: Desse lukene skal sau koma gjennom men ikkje vilt. Lamma vart hengande fast i dei mindre opningane mellom røyra.
LUKE: Desse lukene skal sau koma gjennom men ikkje vilt. Lamma vart hengande fast i dei mindre opningane mellom røyra. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Av saneringsplanen for Nordfjella sone 1 går det fram at det var snakk om metallgrinder med vertikale røyr som er to meter lange og 1,84 meter høge, vidare at dei har ein opning på 45 cm breidde og 80 cm høge der sau skulle koma inn, men ikkje vilt.

Det står også i planen at det er snakk om 550 salteplassar, men at 70 av desse er rekna som så risikofylte at dei ikkje kan nyttast til salstein i det heile. Vidare at åtte grinder skulle plasserast rundt kvar saltingsplass, og at Mattilsynet bestilte inn grindene.

– Jobbar på områder der me får ny kunnskap heile tida

Øverby påpeikar at det var den nemnde gruppa som kom fram til grindløysinga.

– Men der har ikkje fokuset vårt vore no; me har fokusert på å retta opp og få løyst dette på best vis. Difor har me fått ny avtale med leverandør av grindene; ikkje alle grindene som var bestilte er leverte, og dei me får frå leverandør frå no av har ei anna løysing. Me skal ha eit møte onsdag med næringa for å finna ut kva me gjer med dei grindene som alt står ute. Her er fleire alternativ skisserte.

– Men korleis kunne ein bestilla grinder som lam set seg fast i? Dei som kom fram til løysinga veit vel korleis eit lam ser ut?

– No har me fasiten og veit at dei som vart bestilte inn i første omgang ikkje passa. Me er klare over at me her jobbar på områder der me får ny kunnskap heile tida og må endra på ting når ser at det ikkje gjekk som tenkt. Det er ikkje artig å sjå bilete av at lam sit fast, men heldigvis har dyreeigar passa godt på der det har skjedd, så det har gått bra. No gjer me dei endringar som må til for at dette skal fungera, for me skal ikkje ha dårleg dyrevelferd på sau.

Til toppen