BEST I STORE KOMMUNAR: Asker kommune kjem ut som den beste kommunen i Forbrukarrådets kommunetest for 2016. Testen viser at det er betre å bu i større kommunar enn små.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
BEST I STORE KOMMUNAR: Asker kommune kjem ut som den beste kommunen i Forbrukarrådets kommunetest for 2016. Testen viser at det er betre å bu i større kommunar enn små.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Betre å bu i større kommunar

Asker kommune kjem ut som den beste kommunen i Forbrukarrådets kommunetest for 2016. Testen viser at det er betre å bu i større kommunar enn små.

Årdal: Kommunane har blitt målt på informasjon og service, og ikkje kvalitet og innhald i sjølve tenesta.

– Innbyggjarane skal kunne forvente at kommunen leverer på så grunnleggjande tenester som dei vi har testa, seier forbrukardirektør Randi Flesland.

Forbrukarrådet har testa kommunane i landet ei rad gonger sidan 2005. Over åra er tendensen at større kommunar gjer det betre enn dei små.

Asker er klar vinnar av testen, men blir likevel følgt av eit unntak. Vinje kommune med berre 3.700 innbyggjarar er på andreplass på lista. På dei neste plasseringane er Nes, Bærum, Hamar, Ringerike og Trondheim.

Alle dei 50 dårlegaste kommunane har under 10.000 innbyggjarar, og blant dei 25 beste er det berre to kommunar med under 10.000 innbyggjarar.

I Sogn og Fjordane er det Høyanger som gjer det best, medan Førde ligg på ein 2. plass. I Indre Sogn ligg Leikanger på ein 5. plass, Luster på 9. plass, Årdal på 10. plass, Aurland på 14. plass, Sogndal på 15. plass og Lærdal på ein 19. plass. (©NPK)

Til toppen