INGEN REKKJEVIDDANGST: Volkswagen jobbar med nye batteritypar. I 2018 meiner produsenten at rekkjevidda på ein e-Golf kan vere dobbelt så stor som i dag. Foto: Jan Harry Svendsen
INGEN REKKJEVIDDANGST: Volkswagen jobbar med nye batteritypar. I 2018 meiner produsenten at rekkjevidda på ein e-Golf kan vere dobbelt så stor som i dag. Foto: Jan Harry Svendsen

Betre elbilar og ein hund på 800 kilo

Her får du fleire bilnotisar. Visste du forresten at ein hund i baksete kan bli din verste fiende?

  • Endret

Volkswagen skal snart bestemme seg for om dei skal bruke ny batteriteknologi i elbilane sine. Dei nye batteria er bygde opp slik at elektrolytten i batteriet er fast.

Fordelen er større energitettleik og dermed større rekkjevidd utan at batteriet blir så mykje større enn i dag. Samtidig skal batteria vere trygge mot brann. Volkswagen har tidlegare sagt at dei reknar med å lansere ein elbil i 2018 med dobbel så stor rekkjevidd som e-Golfen har i dag. I dag eig Volkswagen fem prosent av selskapet QuantumScape, som produserer denne typen batteri. Ifølgje Bloomberg er det venta at Volkswagen kjem til å auke eigardelen sin i selskapet dersom dei bestemmer seg for å bruke desse batteria i framtida.

800 kilo hund

Ein usikra hund i baksetet eller bagasjerommet får ei kraft på 800 kilo om bilen må bråstoppe. Dermed kan menneskets beste venn bli din verste fiende. Ved ei kraftig oppbremsing, ein kollisjon eller ei utforkøyring, kan hunden bli slengt rundt i bilen med stor kraft. Ein hund som veg 20 kilo, har ei kraft på 786 kilo ved ein bråstopp i 50 kilometer i timen.

Artikkelen held fram under biletet

TUNG: Menneskets beste venn kan bli ein stor fare om bilen må bråstoppe. Ein hund som veg 20 kilo, får ei kraft på 786 kilo i 50 kilometer i timen.
TUNG: Menneskets beste venn kan bli ein stor fare om bilen må bråstoppe. Ein hund som veg 20 kilo, får ei kraft på 786 kilo i 50 kilometer i timen.

– Transportbur som er festa i bagasjerommet, er det tryggaste, men det finst òg seleløysingar som passar for hund, seier dyrefagleg rådgivar Martine Nygaard i If.
Store hundar bør sitje i bur, og buret bør stå på tvers av køyreretninga og så tett som råd inntil bakseteryggen. Små hundar og kattar bør reise i transportboks eller i bur i fotrommet rett bak framseta.

Ifølgje If utgjer lause hundar òg ein fare ved at dei kan distrahere føraren.

– Viss hunden blir uroleg bak i bilen og sjåføren snur seg for å sjekke, kan det fort oppstå farlege situasjonar, seier kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i If.

Toyota SUV som hybrid

Toyota held fram satsinga på hybridar. No kjem RAV 4 som hybrid. Enno har ikkje Toyota røpt noko om kva drivlinje dei skal nytte, men dei stadfestar at bilen kjem til Noreg i 2016. I år er det 18 år sidan Toyota lanserte hybridbilen Prius i Japan. Den nye RAV 4 Hybrid blir første gongen vist offentleg på bilutstillinga i New York i byrjinga av april.

Artikkelen held fram under biletet

HYBRID: Toyota satsar vidare på hybrid. No lanserer dei RAV 4 som hybrid.
HYBRID: Toyota satsar vidare på hybrid. No lanserer dei RAV 4 som hybrid.

Fleire fordelar med elbil

Om alle bilane i Beijing var elbilar, hadde gjennomsnittstemperaturen i byen falle med 0,94 grader. Grunnen er, ifølgje ein forskar ved Hunan-universitetet, at elbilane slepper ut mindre varme enn tradisjonelle bilar. Ifølgje nettstaden Bilnorge.no, kan byen spare 14 millionar kWh på temperaturendringa – ettersom airconditionanlegga i byen då ikkje treng å jobbe like hardt som i dag.

Artikkelen held fram under biletet

KALDARE: Om alle i Beijing køyrde elbil, hadde temperaturen i byen sokke med 0,94 grader, viser eit nytt reknestykke.
KALDARE: Om alle i Beijing køyrde elbil, hadde temperaturen i byen sokke med 0,94 grader, viser eit nytt reknestykke.

Held fartsgrensa

Den nye Ford S-Max lar ikkje føraren køyre for fort – i alle fall ikkje om han bruker konstantfartshaldaren. Bilen les nemleg fartsskilta og tilpassar automatisk farten etter fartsgrensa på staden.

Dermed er Ford først ute med automatisk skiltlesing i kombinasjon med konstantfartshaldar. Sjølv kallar Ford nyvinninga for Intelligent Speed Limiter. Kameraet i frontruta les av skilta, og dersom det er langt mellom dei, bruker bilen i tillegg informasjonen om fartsgrenser som ligg inne i navigasjonssystemet.

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE FARTSBLIND: Ford S-Max kombinerer automatisk skiltlesing og konstantfartshaldar. Dermed tilpassar bilen sjølv farten etter fartsgrensene.
IKKJE FARTSBLIND: Ford S-Max kombinerer automatisk skiltlesing og konstantfartshaldar. Dermed tilpassar bilen sjølv farten etter fartsgrensene.

Den nye bilen er bygd på det same chassiset som Ford Mondeo. Det lover godt for både komfort og køyreeigenskapar, sjølv om Ford har tona ned det sportslege i den nye Mondeoen. Men fordi S-Max no blir tettare knytt til Mondeo, kan bilen òg leverast med firehjulsdrift. Under panseret kjem det fire ulike dieselmotorar. Den minste får ei yting på 120 hestekrefter, mens den største får 210 hk. Den nye bilen kjem òg i to variantar med bensinmotor, ein på 160 hk og ein på 240 hk.

(©NPK)
 

Til toppen