Betre kaldt enn aldri

Betre kaldt enn aldri

Tradisjonen tru, har folk byrja valfarta Øvstetunsfossen i Øvre Årdal for å bada i Hølen, vel og merka fleire veker seinare enn tidlegare år. - Fossen er framleis litt for stor, og vatnet i det kaldaste laget, fortel ein gjeng ungdomar som kjøler seg ned i botn av fossefallet.

For å seie det slik, dei badar ikkje lenge om gangen dei som vågar seg ut i vatnet denne veka. 

- Det er godt å kjøla seg ned altså, men det er mykje kaldare no enn det var i juli i fjor. Då var det rundt 18 grader i vatnet, no tippar me temperaturen ligg på rundt 10, seier ein av kompisgjengane som kjøler seg ned i det iskalde vatnet, for så å kosa seg på land. 

- Folk må berre komma hit når det er så fint vêr, det er berre kjekt, seier Runar Høl (16), Eskil Klingenberg (17), Vegard Aafedt Bukve, (17) Jørgen Kilen Leine (15), Erlend Nese (16) og Jonas Styve Madocs (alias "Marco", 17)

Må vera litt forsiktige

Ungdomane innrømmer at det er litt irriterande at dei ikkje kan kasta seg heilt ut i dei strie straumane og fosseboblene som før fordi straumen er for sterk.  Dei ventar litt med å ta "boblebadet", "sklia" og "virvelen".

- Me lyt vera litt meir forsiktige no. Det verkar til og med som om dei faste steinane i botn me har hatt kontroll på før, har flytta på seg, seier dei.

Enn så lenge hoppar eller stuper dei fleste frå ein tørr stein på land, og ut i vatnet der dei veit det er djupt.

- Så svømmer me ut i straumen, og av og til heilt over til andre sida, forklarar dei.

Men dei er optimistiske i høve langtidsvarselet som lovar godvêr, og håpar difor at fossen minkar om kort tid. 

Per dags dato hoppar eller stuper dei fleste herifrå, i påvente av at fossekreftene skal minka litt.
Per dags dato hoppar eller stuper dei fleste herifrå, i påvente av at fossekreftene skal minka litt.

Trur at alt snart er som før 

Normalt varme sommarar elles, badar og stuper dei i hølar lenger opp i Øvstetunsfossen. Hølane oppover har fått namna "Første Hølen", "Andre Hølen", "Tredje Hølen" og "Fjerde Hølen". 

- Der har me ikkje bada i sommar enda, det går berre ikkje, me må venta litt og sjå det an dag for dag,  seier dei. 

Det er ikkje så lenge dei badar om gongen, men forfriskande i varmen er det i alle fall.
Det er ikkje så lenge dei badar om gongen, men forfriskande i varmen er det i alle fall.

Sosial samlingsplass

Ungdomane fortel at dei stortrivst i Hølen for tida likevel, og at dei plar samla seg der like etter skuletid, og dei håpar at det kjem fleire folk framover. 

- Det har blitt ein sosial plass, og me har med litt snacks og drikke, seier dei.

- Litt dumt, eller det greit at skulen har starta att no når det endeleg er blitt fint vêr? 

- Både òg. Det var heilt greit å begynna att på skulen og møta kompisar og "chickazz", ler dei, og skryt samstundes av lærarane på Årdal vidaregåande skule som gir dei ein mjuk skulestart i den etterlengta varmen. 

- Kom igjen folkens! Kom i Hølen og ha det moro, oppmodar Vegard Aafedt Bukve (17) og Jonas Styve Madocs (17).
- Kom igjen folkens! Kom i Hølen og ha det moro, oppmodar Vegard Aafedt Bukve (17) og Jonas Styve Madocs (17).

Til toppen