UTBYTE: Mowi varslar milliardutbyte etter eit godt år i 2019.
UTBYTE: Mowi varslar milliardutbyte etter eit godt år i 2019. (Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix / NPK)

Betre resultat enn venta for Mowi

2019 vart eit rekordår for omsetning og produksjon for oppdrettsselskapet.

Næring: Mowi melder om rekordstor produksjon i 2019. Totalt vart det slakta 436 000 tonn fisk i løpet av året. I 2018 var talet 375 000 tonn, skriv Sysla

Driftsinntektene sett under eitt var på 4,1 milliardar euro, noko som er ny rekord, ifølgje selskapet. Det er ein auke på 3,81 milliardar frå 2018. 

Samstundes er det eit fall i botnlinja frå 567 millioner euro i 2018 til 476 millioner euro i fjor.

Fall, men betre enn venta

Onsdag presenterte selskapet også resultata frå fjerde kvartal i fjor. Driftsinntektene i kvartalet endte på 1,11 milliarder euro. Det er ein svak oppgang fra 1,07 milliarder euro for same periode året før. 

Det operasjonelle driftsresultatet for dei tre siste månadene av året kom på 166 millionar euro, mot 213 millionar euro i same periode i fjor. Dette er likevel noko betre enn analytikarane hadde venta. Dei hadde på førehand spådd eit resultat på 164 millionar euro. 

I kvartalsrapporten skriv Mowi at resultatfallet i hovudsak skuldast lågare prisar fordi effekten av høgare volum vart motverka av høgare kostnader. 

Selskapet varslar også milliardutbyte. Styret har bestemt at det skal vere eit kvartalsutbyte på 2,60 kroner per aksje. Det tilsvarer totalt 1,2 milliardar kroner. 

Påverka av raudt lys

Mowi vert påverka av trafikklyssystemet for oppdrettsanlegg som regjeringa førre veke annonserte at vert innført, i eit forsøk på å minste presset frå lakselus på villaksen. 

Kring 140 anlegg mellom Nordhordland og Stad og frå Stad til Hustadvika vert råka. Det inneber at dei må ta ned produksjonen med seks prosent.

Mowi har fleire anlegg i området og produksjonskapasiteten må reduserast med 3384 tonn, skriv Sysla. Samstundes vil selskapet forsøke å kjøpe auka produksjonsløyve i dei grøne områda til fastpris, noko som vil gje selskapet ein ekstra produksjonskapasitet på 1149 tonn.

Til toppen