Årdal/Lærdal: – Kommunane gjorde dystre spådommar om økonomien til skamme, seier Sanner og viser til fjorårets debatt om skattesvikt.
Netto driftsresultat for kommunesektoren samla ser ut til å bli om lag 3,25 prosent, viser førebelse tal frå Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi.
– På 2000-talet er det berre 2006 som kan måle seg med driftsresultata i 2015. Kommunesektoren fekk i 2015 eit godt økonomisk opplegg som gav kommunane handlingsrom til å sikre gode velferdstenester. Relativt kraftig skattevekst gjennom andre halvår bidrog til dei sterke driftsresultata. Skattesvikten som ein del frykta ville komme, vart i staden til ein skattevekst. I tillegg er kommunane gode til å prioritere og styre økonomien, seier Sanner i ei pressemelding.
I Årdal og Lærdal er det blanda drops. Medan drifta i Lærdal viste eit avvik på fem millionar kroner og eit driftsresultat på minus 2 millionar kroner, medan Årdal gjekk 14,6 millionar i overskot. (©NPK/Porten.no)