BETYDELEG FARE: Før ein legg ut på tur, bør ein tenkje seg om. NVE varslar betydeleg fare for snøskred i Indre Sogn og Jotunheimen denne helga. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
BETYDELEG FARE: Før ein legg ut på tur, bør ein tenkje seg om. NVE varslar betydeleg fare for snøskred i Indre Sogn og Jotunheimen denne helga. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Betydeleg fare for snøskred i fjellet

Skal du ut på fjelltur i finvêret, bør du passe på.

Sogn: Dårleg vêr med mykje nedbør og vind har laga trøbbel på fjellovergangar denne veka, men laurdag er sola tilbake i Sogn, og med nysnø på bakken i fjellet, let mange seg friste til fjells.

Men før ein legg ut på tur, bør ein tenkje seg om. NVE varslar betydeleg fare for snøskred i Indre Sogn og Jotunheimen denne helga.

På grunn av mykje snø og sterk vind har fokksnøen lagt seg i flak som kan bli utløyste av seg sjølve. 

Karsten Müller i varslingstenesta varsom.no seier til NRK at folk bør holde seg unna skredterreng. Det vil seie bakkar som er brattare enn 30 grader og område der vinden har fått herje fritt, som over tregrensa. 

– Når du er i fjellet, må du rekne med å kunne utløyse skred i bratt terreng, så me anbefalar folk å vere forsiktig. Ikkje gå inn i terreng som har samla mykje snø, seier han.

Elles er tilkomsten til fjellet som normalt laurdag morgon. Det dårlege vêret har skapt mykje utfordringar på fjellovergangane denne veka, men på starten av helga er samtlege vegar opne, men det kan bli stengingar på 20 minutt på fylkesveg 53 for å løyse ut snøskred på naturleg vis med sprengstoff.

Til toppen