MANGLANDE ENTUSIASME: Den tverrkyrkjelege aksjonsgruppa Bibelen til alle – Sogn og Fjordane skulle dele ut biblar til alle husstandar i Sogn og Fjordane, men måtte gi opp på grunn av manglande entusiasme.​ Prost Kjetil Netland er leiar for aksjonsgruppa. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv). 
MANGLANDE ENTUSIASME: Den tverrkyrkjelege aksjonsgruppa Bibelen til alle – Sogn og Fjordane skulle dele ut biblar til alle husstandar i Sogn og Fjordane, men måtte gi opp på grunn av manglande entusiasme.​ Prost Kjetil Netland er leiar for aksjonsgruppa. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv). 

Bibelutdeling stranda i Sogn og Fjordane

Den tverrkyrkjelege aksjonsgruppa Bibelen til alle – Sogn og Fjordane skulle dele ut biblar til alle husstandar i Sogn og Fjordane, men måtte gi opp på grunn av manglande entusiasme.

  • Endret

Sogn: – Totalt var ikkje engasjementet stort nok, seier prost Kjetil Netland i Indre Sogn prosti til avisa Vårt Land.

– For å få slagkraft i aksjonen tenkte vi at han måtte gjennomførast i heile Sogn og Fjordane. I meir enn halvparten av kommunane manglar det lokalt grunnlag som er sterkt nok, og derfor vart aksjonen lagt på is, seier Netland, som er leiar for aksjonsgruppa.

Ein tilsvarande aksjon med organisasjonen Ungdom i Oppdrag i spissen lykkast for to år sidan godt med å dele ut Bibelen til alle husstandar i Finnmark, og liknande aksjonar er undervegs i Nord-Troms, Nord-Trøndelag og Hedmark. I Østfold har derimot Borg-biskop Atle Sommerfeldt sagt nei til å vere med på ei slik bibelutdeling.

– Vi meiner at hovudproblemet er at folk ikkje bruker biblane – ikkje at dei ikkje har, eller ikkje har råd til å kjøpe ein, har Sommerfeldt tidlegare sagt til Vårt Land.

Bibelaksjonane har utspring i den internasjonale rørsla Youth With A Mission (Ungdom i Oppdrag), som har sett seg som mål å dele ut Bibelen til alle husstandar i verda. Førebels ser det ut til at Sogn og Fjordane kan bli eit mørkt felt på kartet. (©NPK)

Til toppen