HELD FOLK FRISKE: Anne Kristin Evensen og Iris Blaaflat vil bidra til å styrke folkehelsa i Lærdal og førebygge skader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HELD FOLK FRISKE: Anne Kristin Evensen og Iris Blaaflat vil bidra til å styrke folkehelsa i Lærdal og førebygge skader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Bidreg til å styrke folkehelsa i Lærdal

I januar starta det opp frisklivssentral i Lærdal, der ein satsar meir på førebygging framføre behandling.

I Noreg har over 200 kommunar ein frisklivssentral som ein del av den kommunale helsetenesta. I januar fekk også Lærdal dette tilbodet. 

– Frisklivssentralen er noko som kom i stand fordi ein skal satsa meir på førebygging føre behandling, og så er livsstilsjukdommar som overvekt, fedme, diabetes og hjarte- og karsjukdommar aukande i befolkninga, seier Iris Blaaflat. 

Porten.no møter ho og Anne Kristin Evensen før eit såkalla «Bra mat»-kurs, der deltakarane får lære om mat, kva ein kan bytte ut det søte og feite med, og det å velja dei sunne alternativa. 

Førebygging

Målgruppa til frisklivssentralane rundt omkring i landet er dei som har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom og treng oppfølgjing av helsepersonell til å endra levevanar og meistre sjukdom.

– Me gir tilbod om oppstartssamtalar, der ein går gjennom kosthaldsvanar, fysisk aktivitet, alkohol- og tobakksbruk og så vidare. Deretter blir ein plassert ut i dei tilboda frisklivssentralen har, seier Blaaflat.

Tre aktivitetstilbod

– Det er eigentleg eit tilbod for dei som er i ykresaktiv alder som står i fare for å bli sjukemelde eller vil førebygge.

I Lærdal tilbyr dei tre ulike aktivitetar. Det er stavgang, styrketrening og basseng. Alt dette er på dagtid.

– Ein treng ikkje å følgja vårt opplegg. Ein kan få informasjon om kva ein kan gjera gjennom idrettslaget eller andre frivillige organisasjonar eller private aktørar. 

Frisklivsresept

Kor deltakarane kjem frå er varierande. Det er fastlegen, NAV og anna helsepersonell som viser til frisklivssentralen, men andre tek også direkte kontakt. 

– Alle som har eit ønske om livsstilsendring kan komma. Gruppetilboda og samtalane er gratis. Det einaste som kostar noko er «Bra mat»-kurset, men det fordi me har litt utgifter med det, forklarar Blaaflat. 

– Og kurset er laga ut frå norske retningslinjer for ernæring. Det er ikkje ein diett. Det handlar ikkje om å bli slank, men å vera bevisst på kva ein et, skyt Evensen inn.

I ei tid der ein snakkar om å spare samfunnet for unaudsynte utgifter på menneske med skader og plager, er frisklivssentralen høgaktuelt.

Dei to forklarar at meininga bak det heile er at ein skal spare utgifter for samfunnet, men samstundes at kvar og ein skal ha det betre med seg sjølv.

Til toppen