BIL AV VEGEN: Rundt 13.15 melder politiet om eit trafikkuhell i Årdal, der ein bil skal ha havna utanfor vegen. Foto: Porten.no-tipsar. 
BIL AV VEGEN: Rundt 13.15 melder politiet om eit trafikkuhell i Årdal, der ein bil skal ha havna utanfor vegen. Foto: Porten.no-tipsar. 

Bil av vegen i Årdal

Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 53.

Årdal: Det melder politiet på sin Twitter-konto rundt 13.15. Ifølgje politiet har det skjedd eit trafikkuhell mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

– Ein einsleg bil har køyrt av vegen ved Rausnessvingane, opplyser politiet til Porten.no. 

Dei kunne førebels ikkje seia noko om årsaka til ulykka. 

– Det er truleg ikkje personskade, eventuelt lettare skade. Førar, ein mann i tenåra, mista førarkortet på staden. Saka oppretta, skriv politiet på Twitter.

 

Til toppen