ULUKKE: Bilen har køyrt i fjellveggen på riksveg 55 på Indre Hafslo i Luster kommune.
ULUKKE: Bilen har køyrt i fjellveggen på riksveg 55 på Indre Hafslo i Luster kommune. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Bil i fjellveggen på glatta i Luster – store materielle skader

Ein person blir tilsett av ambulansepersonell, men verkar å vera uskadd.

Luster: Klokka 10.34 laurdag føremiddag rykka naudetatane ut etter melding om ei trafikkulukke på Indre Hafslo. Bilen hadde køyrt i ein fjellvegg og fått store materielle skadar. Politiet opplyser at det er glatt på staden. 

– Ein person ute av bilen. Fremstår som uskadd. Blir tilsett av ambulansepersonell, skriv politiet på Twitter like før klokka 11.00.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen