Ein bil med tre personar i køyrde søndag morgon av vegen ved Dalsøyra
Ein bil med tre personar i køyrde søndag morgon av vegen ved Dalsøyra (Skjermbilde: Google Maps)

Bil hamna i elva – to sende til sjukehus med luftambulanse

Ein bil med tre personar i køyrde i dag tidleg av vegen på fv 47 ved Dalsøyra. To skal vere alvorleg skadde.

Dalsøyra: Klokka 0609 søndag fekk naudetatane melding om at ein bil med tre personar  hadde køyrt av vegen på fv 57 ved Dalsøyra. Bilen hamna i Moldeelva, melder operasjonssentralen til politiet. 

Like etter klokka 07 melder politiet at to personar er frakta til sjukehus med luftambulanse med ukjent skadeomfang. 

Den tredje personen vert sett til av ambulanse på staden.

Dei to som er frakta til sjukehus med luftambulanse er alvorleg skadde, begge med moglege ryggskadar. Den eine har også moglege hovudskader, melder politiet. 

Den tredje personen er bevisst, men med ukjent skadeomfang. 

Ifølgje politiet er det søndag føremiddag uklart kva som er årsaka til ulukka.

Til toppen