ULUKKE: Politiet melder om ei trafikkulukke i Esebotn på riksveg 55 i Balestrand.
ULUKKE: Politiet melder om ei trafikkulukke i Esebotn på riksveg 55 i Balestrand. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Bil hamna på taket etter ulukke i Balestrand

Ifølgje politiet blir det meldt om særs glatt vegbane på staden.

Balestrand: Politiet melde klokka 08:45 om ei trafikkulukke på riksveg 55 i Balestrand. Ein personbil med to personar hadde hamna på taket. Begge var ute av bilen.

– Naudetatane rykkar ut til staden, skreiv politiet på Twitter.

Ifølgje politiet vart det meldt om særs glatt vegbane på staden. Vegtrafikksentralen opplyste at bilen sperra eitt felt. Vegen vart først stengt som følgje av ulukka, men det vart etter kvart manuell dirigering på staden.

Klokka 12:47 melder vegtrafikksentralen at vegen er open att etter bilberging.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen