Kaupanger: Klokka 13.06 fekk politiet melding om eit trafikkuhell ved Sogndal lufthamn på Haukåsen. Ein bil hadde gått rundt og låg på taket midt i vegbana.
– Vegen er no stengt, bilbergar er på veg. Kun éin bil involvert i ulukka og førar framstår uskadd, skriv dei klokka 13:27.
Like før klokka 14:00 var bilbergar i gang med å få fjerna bilen.