Gulen: 110-sentralen i Hordaland meldte om ei trafikkulukke på Austgulvegen i Gulen.
– Både hunden og personen vart tilsett av helsepersonell, og var vart ikkje sendt vidare til legevakt, så rekna med det ikkje var noko skade, seier Per Algrøy, operasjonsleiar på Vest Politidistrikt.
Bilbergar, ambulanse, brannvesen og politi er på staden.
Politiet melde klokka 15.48 på Twitter at det har vore ein person og ein hund i bilen.
Begge kom seg ut av bilen.
- Les óg: Vest politidistrikt har valt Sogn Sparebank som leverandør av lensmannskontor i Aurland og Lærdal
Utforkøyringa har skjedd ved Dyregrov.
Bilen stod i fare for å skli utfor ein to meter høg skrent, men bilbergaren på plassen skal taue den inn. Bilen skal ha treft noko stein og snø på eine sida, og ha nokre materielle skader.
– Eg veit ikkje noko om kvifor ulykka skjedde, men det var meldt at det var glatt i område, seier Algrøy.