STOPPA I TRE: Politi og ambulansepersonell på ulukkesttaden i Lærdal.
STOPPA I TRE: Politi og ambulansepersonell på ulukkesttaden i Lærdal. (Foto: Jan Christian Jerving)

Bil heng delvis i tre etter utforkøyring – ingen teikn til føraren

Politiet leitar etter føraren etter trafikkulukke på turistveg i Lærdal.

Lærdal: Ein bil har køyrt av fylkesveg 243, den nasjonale turistvegen som går over fjellet mellom Aurland og Lærdal. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

RETT FRAM: Føraren har tydelegvis ikkje greidd svingen, men køyrt rett i autovernet og utfor vegbana. Foto: Jan Christian Jerving

Dei fekk melding om ulukka klokka 18.35, og utforkøyringa skal ha skjedd mellom Grindheim og Hestevollen på veg opp frå Lærdal.

Klokka 19.33 melder politiet at dei er på staden. Dei kan opplysa at ulukkesbilen heng delvis i eit tre, og at den har teke med seg noko autovern på ferda.

– Ingen personar på staden. Me undersøker, skriv politiet.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen