LITEN SMELL: Føraren av bilen kom frå ulukka utan skader.
LITEN SMELL: Føraren av bilen kom frå ulukka utan skader. (Foto: Øyvind Nondal)

Bil har køyrt av vegen i Sogndal

Ein person har kome uskadd frå ei bilulukke ved Fardal i Sogndal kommune.

Sogndal: Ein person har kome uskadd frå ei bilulukke ved Fardal i Sogndal kommune. Ulukka vart meld til Alarmsentralen klokka 15.53 måndag ettermiddag, skriv Sogn Avis.

ULUKKE: Ein bil køyrte måndag ettermiddag av vegen ved Fardal like utanfor Sogndal. Foto: Skjermdump/Google Maps

Eit vitne på staden fortel at det danna seg lange køar i begge retningar etter ulukka. Vegen vart sperra i rundt ein time, medan bilane vart sleppte forbi i kolonner.

Bilen er no frakta vekk av bilberga, og vegen er open for fri ferdsle.

Til toppen