ULUKKE: Ein bil har køyrt av vegen i Lavik.
ULUKKE: Ein bil har køyrt av vegen i Lavik. (Skjermbilde: Google Maps)

Førar køyrt til sjukehus etter trafikkulukke

Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskadar etter trafikkulukka i Lavik.

Lavik: Klokka 15:42 melde politiet at ein bil hadde køyrt utfor vegen på E39 i Lavik.

– Ikkje meldt om fastklemte, men mogleg at bilen er i ferd med å ta fyr. Naudetatene på veg, skreiv dei på Twitter.

Då ambulansem kom fram kunne dei melda at det var full fyr i bilen, som stod på utsida av vegen.

Klokka 17:21 melder politiet at det er fri ferdsel på vegen, og at føraren av bilen er køyrt til Førde sjukehus for behandling. 

Bilen hadde køyrt ut på rett strekning, treft grøfta, fått eit kast, treft ein strømstolpe, og deretter teke fyr.

Føraren blei hjelpt ut av forbipasserande, og det blir oppretta sak, melder politiet. 

Til toppen