ULUKKE: Ein bil køyrte av vegen i Årdal onsdag morgon.
ULUKKE: Ein bil køyrte av vegen i Årdal onsdag morgon. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Bil har køyrt utfor vegen

Føraren hevdar han sovna.

Årdal: Politiet melder klokka 09:16 onsdag morgon at ein bil har køyrt ut av vegen ved Kolsnostunnelen i Årdal.

– Førar, ein mann i 20-åra, opplyser at han har sovna. Politiet opprettar sak, skriv politiet på Twitter.

Føraren var åleine i bilen, og vart køyrd til legevakta etter ulukka.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen