Årdal: Klokka 14.54 fekk politiet melding om at ein bil har køyrt i fjellveggen i Jåtelitunnelen på vegen opp frå Øvre Årdal.

– To personar i bilen. Nederlandske borgarar. Fører er opplyst å vera omtåka. Ikkje meldt om store personskader. Naudetater på veg, skriv politiet i twittermeldinga.
Bilen skal ha vore på veg oppover i retning Tyin.
Folk på staden opplyste klokka 15.22 at både ambulanse, politi og brannbil hadde kome fram til ulukka.
Vegen var stengd i omlag to timar.
Rundt 16.30 opplyser politiet til NRK at dei to nederlendarane skal vera uskadde.