
Sogndal: Klokka 13:43 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Lustravegen mellom Sogndal og Hafslo i Sogndal, det melder dei på Twitter.
Ein personbil har køyrt av vegen og treft fjellveggen. Naudetatane rykka ut til staden.
Det var berre ein person i bilen, og vedkomande er ute av bilen og framstår som oppegåande, seier Dan Erik Johannessen på operasjonssentralen.