KRAFTIG STØYT: Bilen fekk seg ein kraftig bulk etter å ha køyrt i ein murvegg ved Amfi Sogningen i Sogndal.
KRAFTIG STØYT: Bilen fekk seg ein kraftig bulk etter å ha køyrt i ein murvegg ved Amfi Sogningen i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bil i veggen på eit parkeringshus i Sogndal – førar uskadd

Ei kvinne i 30-åra mista kontrollen då ho måtte svinga unna ein fotgjengar.

Sogndal: Klokka 12.27 i dag køyrte ein bil inn i veggen på parkeringshuset som vender mot Trudvang skule. Politiet melde om ulukka like etter klokka 13.00.

Etter samanstøyten tok det òg fyr i motorrommet på bilen.

MISTA KONTROLLEN: Veggen på parkeringskjellaren stod godt imot støyten. Føraren kom òg uskadd frå uhellet. Foto: Halvor Farsund Storvik

Føraren, ei kvinne i 30-åra, køyrte opp frå parkeringskjellaren. Ho seier sjølv at ho mista kontrollen då ho måtte svinga unna ein fotgjengar.

Både brannvesenet og politiet rykka ut. Brannen var sløkt før brannmannskapet kom fram. Kvinna kom uskadd frå hendinga. Ambulanse var på veg til staden for å sjå til førar, men blei avbrutt før den kom fram.

– Det blei ingen skader på eigedommen, berre på bilen. Politiet er ferdige på staden, seier operasjonssentralen 13.30.

Til toppen