BIL: Ein bil har køyrt i fjellveggen i Borlaug. Det var fem personar i bilen og det er meldt om personskade. Foto: arkiv
BIL: Ein bil har køyrt i fjellveggen i Borlaug. Det var fem personar i bilen og det er meldt om personskade. Foto: arkiv (Foto: Illustrasjon)

Bil køyrd i fjellveggen

Ein bil har køyrd i fjellveggen på fv 52 ned mot Borlaug. Det er meldt om personskade. 

Borlaug: Ein bil har køyrd i fjellvegen i Borlaug. Ulukka skjedde på fv 52 ned mot Borlaug, om lag 500 meter frå krysset E16. 

Det var to vaksne og tre barn  i bilen som køyrde i fjellvegen. Det er meldt om kuttskadar i hovudet, men det er uvisst kor alvorleg skadane er. Alle personane er medvitne. 

Ambulansen er kome på staden, og luftambulansen er kansellert. Dei tilskadekomne vert frakta med ambulansen til Lærdal sjukehus for sjekk og observasjon. 

 

Til toppen