Bil køyrde av vegen i natt
(Foto: Illustrasjon)

Bil køyrde av vegen i natt

Bilen havna utfor vegen like etter midnatt.

Hafslo: Ein bil havna utanfor vegen på fylkesveg 55 ved Stupshølen på Hafslo i natt. 

Det var berre denne bilen som var involvert, og i han sat berre éin person. Naudetatane vart sendt til staden.

Føraren av bilen vart sendt til Førde sentralsjukehus for ein sjekk. Vegen er no rydda og open. 

Til toppen