ULYKKE: Bilen var delvis dekka av vatn, og føraren kom seg ut ved å knusa eit glas.
ULYKKE: Bilen var delvis dekka av vatn, og føraren kom seg ut ved å knusa eit glas. (Foto: Terje Weka)

Bil køyrde av vegen og havna i fjøresteinane i Skjolden

Føraren, ein mann i 50-åra kom frå det heile utan fysiske skader.

Rundt 04.30-tida vart politiet varsla om en bil som hadde køyrd i fjorden på fylkesveg 331 ved Skjolden i Luster. Det er NRK som først omtalte saka. 

Bilen gjekk rett fram i ein høgresving, sklei utanfor vegen og vart liggande på taket i fjæresteinane, med førarsida dekt av vatn. 

Føraren var åleine i bilen. 

– Det som kan vere utfordrande i mange samanhengar, dersom bil går under, er at elektrisk anlegg kan slutte å fungere så ein ikkje får opp ruta. Føraren var heldig som hadde hammar i bilen og fekk knust ruta, sa innsatsleiar for politiet i Sogn, Magne Straumstein til NRK.

Iskald nattevandring 

– Bilføraren var naturlegvis skjelven. I tillegg til å vere våt til livet, skulle han ta seg ut av bilen og gå ein kilometer i minusgrader til næraste hus, seier innsatsleiaren. 

LUSTER: Ulykka skjedde på Fylkesveg 331 ved Skjolden i Luster. Foto: Skjermdump/Google Maps

Heldigvis var det ein hyggeleg bebuar i området tok han inn i huset og gav føraren varme, tørre klede. 

Føraren vart sett til av ambulansepersonell, men kom frå uhellet utan fysiske skader. 

Til toppen