Bil køyrde av vegen, og rånarar skapte uro i Sogndal
(Foto: Arkiv)

Bil køyrde av vegen, og rånarar skapte uro i Sogndal

Slik var politinatta i Indre Sogn.

Indre Sogn: Fredag kveld klokka 22:34 fekk politiet melding om ei trafikkulukke ved Eidsneset mellom Sogndal og Kaupanger. Bilen hadde køyrd av vegen.

Naudetatane rykka ut til staden, og polititet melde på twitter at det var mistanke om promillekøyring. Det var ikkje personskade, men føraren vart sendt til legevakt for sjekk. 

– Det var materielle skadar på bilen. Ein mann i 20-åra blei tatt med til legevakt i Sogndal for blodprøvetaking. Politiet har oppretta sak på hendinga, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet, til NRK Sogn og Fjordane

I Sogndal natt til laurdag, fekk politiet mange meldingar om rånarar som forstyrra nattesøvnen i bygda. Kolltveit sa til avisa at innringarar skildra ein tutekonsert frå fleire bilar nær sentrum. 

Til toppen