Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Bil køyrde av vegen

Mann i 20-åra køyrt til legevakt.

Aurland: Politiet melder litt før klokka 1030 på Twitter at ein bil med ein person i har køyrd av vegen på E16 i Flåm. Ifølgje politiet er personen tilsynelatande lettare skadd.

Naudetatane er på staden og bilbergar på veg. Bilen ligg på utsida av vegen og vegen er open, går det vidare fram av meldinga.

Føraren er ein mann i 20-åra, og han vart køyrt til legevakta i Aurland.

Til toppen