KØYRDE I FJELLVEGG: Ulukka skal ha skjedd på E39 i Gulen kommune.
KØYRDE I FJELLVEGG: Ulukka skal ha skjedd på E39 i Gulen kommune. (Foto: Skjermdump / Google Maps)

Bil køyrde i fjellveggen: Føraren var uskadd, men bilen ukøyrbar

Ein bil køyrde i ein fjellvegg i Instefjord i går natt.

Gulen: Klokka 23.07 rykka nødetatane ut til E39 i Instefjord etter melding om ein bil som hadde køyrd i fjellveggen. 

– Føraren, som var ei lokal kvinne i 20-åra, er uskadd, seier Vest politidistrikt til Porten.no.

Det var dårleg føre, men politiet kan ikkje bekrefte kva som var årsaka til ulukka. Klokka vart kvart på eitt før dei fekk rydda vekk på vegen.

– Eg veit ikkje kor store materielle skader det var, men bilen var ikkje køyrbar og måtte bli henta av bilbergar, seier dei. 

Saka vert oppdatert. Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til +61450717816 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen