RASK PÅGRIPING: Det tok eit kvarter frå melding til pågriping. Her køyrer politiet vekk bilen til den rusmistenkte føraren. Bilen er sladda for å hindra identifisering.
RASK PÅGRIPING: Det tok eit kvarter frå melding til pågriping. Her køyrer politiet vekk bilen til den rusmistenkte føraren. Bilen er sladda for å hindra identifisering. (Foto: Sunniva Knutsen)

Her køyrer politiet vekk bilen til den rusmistenkte føraren

Har køyrd inn i minst to andre bilar i Årdal.

Årdal: Klokka 14.20 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd inn i fleire andre bilar i Øvre Årdal. Dei fekk raskt kontroll på føraren.

– Førar er mistenkt for køyring i påverka tilstand, skreiv politiet på Twitter like etter.

Ifølgje operasjonssentralen skjedde påkøyringane i eit parkeringshus i Farnesvegen 1, altså under Årdalssenteret. Føraren køyrde frå staden, men vart pågripen av politiet klokka 14.36 utan dramatikk.

RASK RESPONS: Politiet i Årdal var raskt på pletten. Foto: Sunniva Knutsen

– Han er allereie på legekontoret, der dei tek blodprøve av han. Patruljen reiser no tilbake for å få oversikt over kor mange bilar som er komne til skade. Det er snakk om minst to, seier Morten Rebnor ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Tenestestadsleiar Magne Knudsen ville i 14.40-tida ikkje kommentera saka til vår journalist på staden.

Like etter vart føraren teken til lensmannskontoret, og bilen køyrd vekk. Bileta syner at bakruta og høgre baklykt er knuste, i tillegg har bagasjeluka fått skadar på høgre side.

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller til tlf: 480 13 131. 

Til toppen