RAS: Eit ras har gått mellom Gaupne og Røneidtunnelen, på vegen mellom Sogndal og Luster.
RAS: Eit ras har gått mellom Gaupne og Røneidtunnelen, på vegen mellom Sogndal og Luster. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Bil køyrde inn i ras i Luster, fjellovergang stengt i Årdal

Dette er status på vegane.

Indre Sogn: Som varsla har det vore ruskete vêr det siste døgnet. I går og i natt har vêret ført til fleire stengingar på vegane.

Fylkesvegen mellom Sogndal og Luster vart onsdag morgon stengt ved Røneidtunnelen like utanfor Gaupne på grunn av steinras. Ifølgje politiet køyrde ein bil inn i raset. Raset er omlag 20 meter breitt og 30 centimeter høgt. Bilbergar og entreprenør reiste ut til staden, og det er no manuell dirigering.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Òg i fjellet har bilistane fått merka uvêret. Dette var status klokka 12:44.

Her er status på fjellovergangane:

  • E16 over Filefjell er open.
  • Fylkesveg 52 over Hemsedal er open.
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt. Blir ikkje opna i dag.
  • Riksveg13 over Vikafjellet stengt. Blir ikkje opna i dag.
  • På fylkesveg 50 Hol-Aurland er det kolonnekøyring.
Til toppen