Ulukka skal ha skjedd på fylkesveg 5582 like ved Brandangersundsbrua.
Ulukka skal ha skjedd på fylkesveg 5582 like ved Brandangersundsbrua.

Bil køyrt av vegen og trilla rundt ved Brandangersundbrua

Personen skal ha kome seg ut av bilen fort og er oppegåande.

Gulen: Like før klokka 10.00 onsdag melde Vest politidistrikt på Twitter at ein bil hadde køyrt ut av vegen og rulla rundt. Ulukka skjedde like øst for Brandangersundbrua. Brannvesen og ambulanse er no på staden.

– Føraren skal vere oppegåande med mindre kuttskader. Han kom seg relativt fort ut av bilen og ringte nødnummeret sjølv, seier Bjarte Rebnord, operasjonleiar ved Vest politidistrikt, til Porten.no.

Operasjonsleiar seier at føraren ikkje vart sendt med ambulanse, men blir mest truleg sendt til lokale legekontor for ein sjekk. Han kan ikkje seie noko om skadene på bilen enno, men vil trur dei er store då bilen rulla rundt og havna på taket. Bilbergar er òg på staden.

Vegtrafikksentralen vest melder rundt halv eitt at vegen er opna for fri ferdsel, og at bilen er fjerna. 

Til toppen