Rusa mann (60) køyrte på person - stakk frå staden

Rusa mann (60) køyrte på person - stakk frå staden

Person påkøyrd av rusa mann ved Dalåker i Sogndal

Sogndal: Ein person blei påkøyrd kl 14.18 ved Dalåker i Sogndal melder Politiet på Twitter.

Føraren var ein mann i 60-åra og køyrde frå staden. Han vart funnen av politiet, sterkt rusa på alkohol. Mannen blei aggressiv mot politipatruljen og vil bli anmeldt for både trafikkulykka, køyring i rusa tilstand og vold mot politiet ifølgje Tweeten.

Mannen er innsatt i varetekt.

Personen som blei påkøyrd fekk ingen alvorlege skader, men ambulansen rykte ut til ulykka.

Til toppen