Ulukka skjedde inne i Frudalstunnelen. Tunnelen er stengt då bilen hindrar køyrebana.
Ulukka skjedde inne i Frudalstunnelen. Tunnelen er stengt då bilen hindrar køyrebana. (Foto: Arkiv)

Bil køyrde i fjellveggen i Frudalstunnelen– No er vegen open att 

Bilen skal ha skrapt langs fjellveggen. Det er ikkje meldt om noko personskade.

Sogndal: – Det er ein bil som har køyrt i fjellveggen i Frudalstunnelen, og skrapt bortover sida, seier operasjonleiar i Vest politidistrikt Terje Magnussen. 

Ulukka skjedde klokka 16.45. Politet rykka ut til staden, men helse og brann rykka ikkje ut. Det var ingen personskade.

– Det var ein forbikøyrande som meldte det inn til oss, seier Magnussen. 

Bilen stod i køyrebana og hindra difor trafikken, og tunnelen var stengt i ein periode på to timar. Klokka 18.45 melde Vegtrafikksentralen vest at vegen var open igjen.

Til toppen