Trafikkulukke på Hafslo: Vaksen og eit barn blir tekne hand om av lege
(Foto: Arkiv)

Trafikkulukke på Hafslo: Vaksen og eit barn blir tekne hand om av lege

Det melder Vest politidistrikt.

Luster:  – Det er ei singelulukke der ein bil køyrte ut i grøfta, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Per Algrei.

Det var to stykker i bilen, ein vaksen og eit barn. Politiet fekk melding om ulukka klokka 14:48, og er no på staden. 

– Dei to personane blir tekne hand om og sett til av lege, men dei skal vera oppegåande, seier han.

Politiet kan ikkje seia noko om årsaka til ulukka endå. Ulukka skjedde på sørsida av Hafslovatnet ved Kvamshaug. 

Bilen har store materielle skader, men Algrei melder at trafikken går forbi staden. 

Porten.no oppdaterer saka.

Har du tips eller bilete frå staden? Send på SMS til 414 50 801 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen