Det var ei singelulukke like etter Stuphølstunnelen i retning mot Sogndal.
Det var ei singelulukke like etter Stuphølstunnelen i retning mot Sogndal. (Foto: skjermdump)

Bil køyrte i fjellveggen og snurra rundt

Det var kun ein bil involvert i ulukka, og det var ein person i bilen i tillegg til føraren.

Sogndal: 16.35 meldte Vest politidistrikt at det har skjedd ei singelulukke der bilen har køyrt i fjellveggen.

Ulukka skjedde like etter Stuphølstunnelen retning mot Sogndal.

– Det var glatt veg, og bilen snurra rundt nokre gonger, men den står på alle fire hjula, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit frå Vest politidistrikt til Porten.no

Han seier at det var ein passasjer i bilen i tillegg til føraren. Begge er ute av bilen, og det er opplyst smerter i bryst på ein person. 

Bilen står òg i ei køyrebane, og det er manuell dirigering forbi.

– Det har ikkje skapt noko kø, og trafikken slepp forbi, seier Kolltveit. 

Han kan ikkje seie noko om materielle skader endå, men vil tru bilen har fått seg ein trøkk. 

Føraren, som er ei kvinne i 20-åra, er uskadd men vert køyrt til Førde på sjukehuset for ein sjekk med litt smerter i brystet.

Til toppen