KØYRTE AV VEGEN: Ulukka skjedde omlag ti minutt frå Fresvik, i retning Vik.
KØYRTE AV VEGEN: Ulukka skjedde omlag ti minutt frå Fresvik, i retning Vik.

Bil køyrte utfor vegen

Føraren skal vera lettare sjokka, men uskadd etter hendinga.

Vik: Klokka 18.05 fekk politiet melding om ei trafikkulukke ti minutt frå Fresvik i retning Vik. Ein bil skal ha køyrt utfor vegen. Ulukka vart meldt frå om av forbipasserande.

Føraren var opplyst å vera litt i sjokk og prega av hendinga. Mannen vart sjekka og erklært uskadd av ambulansepersonell. Bilen har fått skadar på venstre side, og ei siderute er knust. Han er ikke køyrbar, og bergingsbil er rekvirert.

Det er passasje for andre bilar til å komma forbi.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 90703711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen