ULUKKE: Naustbukttunnelen i Årdal vart onsdag stengt etter ei bilulukke der fem personar var involvert. Her frå då tunnelen vart opna for passering.
ULUKKE: Naustbukttunnelen i Årdal vart onsdag stengt etter ei bilulukke der fem personar var involvert. Her frå då tunnelen vart opna for passering. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Tre til sjukehus etter at bil med fem personar kolliderte og snurra i tunnel

Vegen er no opna att.

Årdal: Rett før klokka 12.00 melde politiet om ei trafikkulukke  i Naustbukttunnelen på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Ein bil med fem personar var involvert.

OPE: Naustbukttunnelen i Årdal er opna for manuell dirigering etter den vart stengt i over ein time grunna ei bilulukke. Foto: Halvor Farsund Storvik

SISTE: Tenestestadsleiar Magne Knudsen opplyser like før 16.00 at tre personar er sende til sjukehus etter ulukka. Operasjonssentralen opplyste tidlegare at fire av dei fem involverte var sende til sjukehus, noko som altså ikkje stemmer. Til Sogn Avis seier Knudsen at alle fem var ungdommar.

Bilen kom køyrande frå Årdalstangen og traff fjellveggen i tunnelen og snurra rundt. Alle var bevisste då forbipasserande kom til staden og hjalp dei ut av tunnelen, melder politiet. 

– Ein person er sendt til Lærdal til sjukehus i ambulanse med ukjent skadeomfang. Føraren av bilen klagar på smerter og skader i nakkeregionen, han blir undersøkt av helsepersonell på staden, seier operasjonsleiar Morten Rebnor ved operasjonssentralen til Porten.no like etter klokka 13. 

Personbilar får passere

Like etter klokka 13 opplyser Rebnor at bilbergar snart ankommer staden og at politiet har utført undersøkingar. Vaktleiar ved Alarmsentralen Oddbjørn Aune opplyser på same tid at det er store materielle skader på bilen og på tunnelveggen. 

Naustbukttunnelen
STENGT: Ein bil med fem personar har vore i ei singelulukke i Naustbukttunnelen ved Øvre Årdal. Foto: Sunniva Knutsen

Vår journalist på staden fekk opplyst klokka 13:15 at det vil ta mellom 15 og 20 minutt før dei får henta bilvraket. 

Like etter opna det for at personbilar kan passera. Det er framleis manuell dirigering på staden. 

Klokka 13:57 vart tunnelen opna for fri ferdsel. 

– Det er ein del oppryddingsarbeid som må bli gjort før tunnelen kan bli opna, det er store skader på tunnelen og, seier Oddbjørn Aune, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, til Porten.no like over kl.12.30.

– Ein entreprenør er på veg for å kontrollera at det ikkje er skader på tunnelen. Naudetatane er på staden, seier operasjonssentralen til Porten.no like over klokka 12.

Oppgitt stemning: – Ingen dirigerer køa

Reporter på staden fortel om oppgitt stemning blant bilane i kø. Like før klokka 13 var det omlag éin kilometer kø frå tunnelopninga mot Årdalstangen. 

– Køa stoppa midt inni ein sving. Folk er oppgitt over at det er ingen som dirigerer eller passar på køa bakerst.

Han vart sjølv vitne til at ein bil som plutseleg kom inn på halen av køa, måtte bremsa kraftig opp og nesten legge seg ut i motsett køyrefelt. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller tlf: 480 13 131.

 

Til toppen