TRAFIKKUHELL: Ein sjåfør kom greitt frå det då han køyrte av vegen på fylkesveg 55 mellom Gaupne og Nes fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
TRAFIKKUHELL: Ein sjåfør kom greitt frå det då han køyrte av vegen på fylkesveg 55 mellom Gaupne og Nes fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).

Bil med hengar av vegen på fylkesveg

I morgontimane fredag køyrte ein person av vegen på fylkesveg 55 i Luster.

Luster: Uhellet vart meld inn til politiet av føraren sjølv klokka 04.42 fredag morgon. Då hadde vedkommande og bilen han sat i køyrt av vegen.

Hendinga skjedde på fylkesveg 55 mellom Gaupne og Nes. Naudetatane vart kalla ut.

Føraren, som var åleine i bilen, ser ut til å ha kome greitt frå ulykka, men vart teken med til legevakt. Politiet i Sogn og Fjordane melder at personen er oppegåande. Då var vegen open i eitt køyrefelt.

Til toppen