KØ PÅ HOLSBRU: Ulykke på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal.
KØ PÅ HOLSBRU: Ulykke på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. (Bilde: Truls Sylvarnes)

Bil med to personar gjekk rundt

Ein bil med to personar gjekk rundt og landa på taket ved Holsbru i Årdal. 

Årdal: Ulykka skjedde på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. Politiet fekk melding om den klokka 15:24.

Espen Gulliksen ved operasjonssentralen seier til Porten.no at det var to personar i 30-åra i bilen. Føraren har forklart at han fekk skrens på bilen og gjekk opp i ei skråning før den tippa rundt.

Det skal vera svært glatt i området. Gulliksen seier det er så glatt at folk har problem med å stå på vegbana.

Entreprenør er på veg for å strø vegen.

Til toppen