Lærdal: Politiet fekk melding om ulukka på riksveg 52 i Lærdal klokka 14:30. Ein bil med to personar hadde køyrt av vegen. Både førar og passasjer har greidd å ta seg ut av køyretøyet.
Ulykka skjedde om lag fem kilometer sør for Borlaug-krysset. To ambulansar og luftambulanse vart sendt til staden.
Ifølgje Helse Førde AMK vart den eine personen frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse, medan den andre pasienten vart henta av luftambulanse frå Ål.