BIL UTFOR VEGEN: Ein bil med to born og ein vaksen heldt på å vippe utfor vegen ved Høyheimsvik i Luster etter eit trafikkuhell.
BIL UTFOR VEGEN: Ein bil med to born og ein vaksen heldt på å vippe utfor vegen ved Høyheimsvik i Luster etter eit trafikkuhell. (Foto: Porten-tipsar)

Bil med to born heldt på å vippa utfor veg i Luster

Vest politidistrikt melde om hendinga rett før klokka 17.

Luster: Ein bil med ein vaksen og to born var i fare for å vippa utfor vegen etter eit trafikkuhell. Bilen var i fare for å falle ned frå ein sideveg og ned på fylkesveg 55, som er hovudvegen på strekka.

Hendinga skjedde ved Høyheimsvik mellom Gaupne og Skjolden i Luster. Ein Porten-tipsar seier det skjedde ved Nes før Høyheimsvik. 

– Situasjonen er under kontroll. Brannvesen hadde utstyr til å sikra bilen slik at dei tre personane kunne koma seg ut av bilen. Ein vaksen og to barn er komne i sikkerheit, og eg har ikkje fått melding om at dei er skadde, seier operasjonleiar Tatjana Knappen til Porten.no.

Operasjonsleiar Knappen seier det var snakk om eit fall på mellom tre og fire meter ned.  

Klokka 16:56 melde politiet at naudetatane hadde fått kontroll på staden.

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen