ULUKKE: Ein bil ligg på taket i Fjærland.
ULUKKE: Ein bil ligg på taket i Fjærland. (Skjermbilde: Google Maps)

Trafikkulukke i Fjærland: Bil på taket, førar sendt til Førde sjukehus

Klokka 16:41 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Fjærland.

Sogndal: Ein bil ligg på taket i Fjærland. Det skal vera ein person involvert, og vedkomande er medviten, melder politiet. 

Politiet fekk melding om ulukka 16:09, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt. 

– Bilen skal ha køyrt inn i eit skilt og deretter gått rundt og landa på taket. Det er ikkje andre køyretøy involvert, men det er store materielle skader på bilen, seier Samsonsen. 

Føraren av bilen vart sett til av helsepersonell på staden, og blir sendt til Førde sjukehus for sjekk. 

Samsonsen opplyser at førarkortet til vedkomande er tatt i beslag mellombels medan politiet undersøker forholdet kring ulukka. 

Bilbergar er på staden no, og det kan bli redusert framkome på vegen under bilberging. 

Saka blir oppdatert. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller tlf: 480 13 131.

Til toppen